DÅ FOLDAL HELDT FEST I FJALER/ Det Foldalske Teatr - 16.09

Arrangementsinformasjon

- Eit uhøyrt verk i fleire akter! 

Det Foldalske Teatr med venner kjem til Fjaler med eit spektakulært show, som publikum kan oppleve på sirkusplassen på Øyra tre kveldar i tussmørket.  Her vert det mellom anna: 


        #  Tidstunnell!

        #  Special Guest, Ghost and God Stars fra Fjaler og omegn!!

        #  Hypnose! Freakshow!!

        #  Anatomisk teater!!

        #  Dårekiste med ekte Foldalsk dåre!!

        #  Legendariske urframføringar! Vilhelm Foldal tonesett Very Special Ghost Star Jacob Sande!!

        #  overraskingar!!! 


Framsyninga føl Fjaler si eiga tussmørkekalender: 

Del 1 framførast under  Borgerlig/Alminnelig Tussmørke.

Del 2 framførast under  Nautisk tussmørke. 

Del 3 framførast under  Astronomisk tussmørke.


Vilhelm Foldal er ein karakter i Henrik Ibsens skodespel «John Gabriel Borkman». I moderne oppsetningar er karakteren som regel strøket ut av manus. Scenekunstnar Harald Kolaas har gjennom eire framsyningar og stunts i Det Foldalske Teatr forsøkt å gi denne forsmådde karakteren ei oppreising.

Av og med Vilhelm Foldal og Det Foldalske Teatr. STARS: Robert Emil Berge,Ram Hari Dhakal, Aksel Høgenhaug, Harald Kolaas, Ingelin Charlotte Krogh, Martin Aaserud og Special Guests og Very Special Ghost and God STARS! Støtta av Norsk Kulturråd.