360° DALE - 15.09

Arrangementsinformasjon

- Kva betyr Utanforskap for ungdom frå fylket ?
 

Ei gruppe ungdommar møtest i 5 dagar for å finne ut kva utanforskap betyr for dei, i Sogn og Fjordane, i dag. 12 elevar frå 2. klasse ved Firda Vidaregåande Skule skal i samarbeid med dramatikar Cathrine Myhre Solbjør skrive og iscenesetje eigne tekstar, som vil ende i to visingar under teaterfestivalen i Fjaler.
 
360° Dale  er ein del av eit større scenetekst- prosjekt i regi av Cathrine Myhre Solbjør. I løpet av året vil ungdom frå fleire plassar i Norge delta i skriveprosjektet, og ha visingar på heimstaden. Til slutt vil alle prosjekta ha ei samla vising i Oslo, samt at tekstane vil bli gjevne ut samla i ei bok.  
 
Prosjektet er ein del av Cathrine Myhre Solbjør sitt masterprosjekt i Teater ved KHIO (Kunsthøyskolen i Oslo).  Arrangementet er gratis, men ein må møte opp før start for å komme inn. Varer i underkant av ein time.