11 ÅR/ Goksøyr & Martens / 15. september

Arrangementsinformasjon

- opprivende og relevant teater om norsk skolehverdag. 

 

Ein ung lærar opplever at ei av hennar elevar, ei elleve år gamal jente, tar sitt eige liv. No skal ho møte jentas foreldre og rektoren ved skolen. I veska har ho noko ho har gløymt å fortelje om. 

 Kva fangar blikket ditt  ? Kva ansvar har du for å forstå det som skjer ? Når skal du gripe inn ? Korleis tek vi vare på borna våre ?  I forarbeidet til 11 ÅR har Goksøyr & Martens intervjua foreldre, barn, forskarar, juristar og tilsette i skoleverket. 

 Denne versjonen av 11 ÅR  er ei iscensatt leseversjon av framsyninga som går på Det Norske Teatret. Med ein dokumentarisk tekst, eit profesjonelt lag av skodespelarar, og heile 25 aktørar på scena, er det duka for ei spesiell oppleving, frå eit av våre mest markante teaterkompaniar. 

 Goksøyr & Martens har samarbeida sidan 1997, og nyttar ofte dokumentariske strategiar i arbeidet. Dei har mellom anna vist framsyningane sine på Samtidsmuseet, Nationaltheatret, Johannesburg Art Gallery, Teaterfestivalen i Avignon, Schaubühne i Berlin og Venezia-biennalen. 

 

«Rystende godt om barns selvmord»

VG

 

«opprivende og relevant teater om norsk skolehverdag»

Aftenposten

 

«kanskje årets viktigaste førestilling»

Klassekampen

  

Regi/Scenetekst: Toril Goksøyr og Camilla Martens, Skodespelarar: Agnes Kittelsen, Kjersti Dalseide, Julie Moe Sandø, Jon Bleiklie, Oddgeir Thune, Benjamin Haug Haugen, samt born og statistar. Scenograf og kostymedesign: Olav Myrtvedt, Lysdesign: Ingeborg Staxrud Olerud, Lyddesign: Fredrik Vogel, Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen.

 Goksøyr & Martens er støtta av Norsk kulturråd, Fritt Ord og Bergesenstiftelsen. Prosjektet er utvikla ved Dramatikkens hus. Goksøyr & Martens har basisfinansiering frå Norsk Kulturråd. 11 År er eit samarbeid med Det Norske Teatret.