Hundrevis av barn i vill kamp/Kilden Teater - AVLYST

Arrangementsinformasjon


- Bli med på flukt inn i eit born si fanatsiverd. 


På veg frå sjukehuset, der ein bestefar nett har døydd, fell ein gut frå skuldrane til far sin, og ned mot asfalten. Men i staden for å treffe bakken, fell barnet vidare og ned mot eit hav. Der nede ser han ei skute med hundrevis av born i vill kamp. 


Å gå inn i born si evne til å bearbeide kjensler gjennom leik og fantasi er utgangspunktet for den rykande ferske teksten Hundrevis av barn i vill kamp, skrive av Eirik Fauske. Fauske er kjend som ein dramatikar som skapar eit underfundig og leikent universet med eit poetisk språk. Han har tidlegare vitja Teaterfestivalen i Fjaler med framsyningane Lindås i 2013, Skogsarbeid i 2014, og vandreteatret Vi er dette auget i 2019.

 

Det er nyetablerte Agder Nye Teater ved Magnus Sparsaas og Sunniva Fliflet som står for regien. Med ein uforutsigbar scenografi vil dei skape ein spennande leikeverd som borna kan leve seg inn i.  Framsyninga passar for alle, men anbefalast frå 5 år og oppover. 

  

Medverkande: Ragnhild Enoksen og Fredrik Høstaker, Regi:  Magnus Sparsaas og Sunniva Fliflet, Scenografi/kostymedesign: Christa Barlinn Korvald, Herman Breda Enkerud, Erlend Peder Kvam, Dramaturg:  Endre Sannes Hadland, lyddesign: Eirik Horremsbakk Mordal, Lysdesign: Joakim Stien, Ekstern dramaturg, tekst: Marit Grimstad Eggen, Teaterpedagog: Christine Helland . 

Produsert av Kilden Teater med utviklingsstøtte frå Dramatikkens hus.