page view image

KORN // Tiril Pharo

Ei storslått forteljing om kjærleiken mellom menneske og matjord, og mellom to idealistiske bønder.

Information
event image

Korn av Tiril Pharo er ei storlslått forteljing, som vert spelt i dei nydelege omgjevnadene i Fossevikja i Dalsfjorden. Det handlar om kjærleik til menneske og natur, og om fridom til å velje det livet ein vil leve. Hovudpersonen er odelsjenta og arkeologen Liv. Når faren hennar dør midt i skuronna, står ho ovanfor eit val: Skal ho ta over familiegården, eller skal ho selje og halde fram  livet i byen? Før ho får tatt valet,  møter ho sanker-jeger-mannen Ask. 

Under framsyinga får publikum kvart sitt headset. Gjennom dei høyrast stemmar frå fortid og notid, saman med lydar frå traktordur, sauebrek og kornaks i vinden. Handlinga utspelar seg rundt dei, medan dei vandrar rundt i kulturlandskapet. 

Korn er jubel for bonden, jorda og jordbakteriane. Kven er det som jobbar for brødskiva di? Kor kjem kornet frå? Ta på gummistøvlane, gå i landskapet, kjenn på kornet og bli skitten på fingrane! Bli med i det store dramaet om vårt daglege brød. 

Korn er skapt av bonde og teaterregissør Tiril Pharo, og er produsert på Åsheim Gård i Spydeberg. 

Medverkende: Konsept, scenetekst og regi: Tiril Pharo | Skodespelarar: Tiril Pharo, Marie Longva Danielsen, Kadir Talabani og Sebastian Warholm | Co-regi: Kornelia Melsæter | Lyddesign: Andreas Lyngstad | Dramaturg: Lene Therese Teigen | Koreograf: Sigrid Edvardsson | Teknisk koordinator: Kristoffer Nicolaysen | Produsent: Ingrid Saltvik Faanes/Syv mil AS. Prosjektet er støtta av Kulturrådet, Fond for lyd og bilde, Østfold fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, Scenekunstbruket, Dramatikkens hus og Bergesenstiftelsen. I samarbeid med Østfold Internasjonale Teater og Teaterfestivalen i Fjaler. Foto: Kristin Aafløy Opdan

Restrictions

Framsyninga vert spelt i Fossevikja - og ein kjem dit på eiga ansvar. Ein må påreikne ei vandring på ca 35 minutt frå parkeringsplassen ved brufestet på Ottersteinen. Terrenget er ulendt, men det er god sti. Ta kontakt med festivalen om du treng hjelp med å komme deg fram ! Info om oppmøtestad kjem til billetkjøparane i god tid.

Framsyninga passar for alle over 10 år.