page view image

FESTIVALNATT MED REAL ONES !

Årets happening i vest er festivalnatta på Teaterfestivalen med mini matfestival, musikalske overraskingar og dans !

Information
event image

Laurdagskvelden inviterer vi til ein magisk kveld i klokkargarden ! Legendane i bergensbandet Real Ones toppar kvelden, som ellers vert fylt med eit nytt og spennande street food- konsept, der publikum kan kjøpe matbillett og få unik lokalmat med smak av heile verda ! Det vert stort bål,  spenannde musikalske overraskingar - og sjølvsagt dans ! Dette vert ein kombo av tradisjonell løefest og velprodusert stadion-festival og vi håper absolutt heile bygda kjem! 


Real Ones er kjent for mange fjalerbuarar- mellom anna spelte dei ein av dei fyrste konsertane sine på Gjesten i Dale på 90-talet. I tre tiår har dei  imponert presse og publikum som eit av dei mest originale banda i Noreg - og definitivt eit av dei beste livebanda vi har i sin sjanger.  Dei har spelt konsertar på alle kontinent.  I fjor kom det kritikarroste albumet  “Love Your Mother”, med ein tittellåt tilegna gruvemotstandarane i Vevring. No jobbar dei med sitt fjortande album - og det er visst berre å gle seg til det kjem ! Kanskje slepp dei nokre nye låtar fra scena i Klokkargarden ? 

”Real Ones har lenge vært Norges isærklasse beste liveband. Kanskje er de Norges beste band, punktum.” (Sven Ove Bakke, Dagbladet)


Mini matfestival ! På festivalnatta i Klokkargarden kan du og få smake heilt unik mat. Saman med kompetansesenterert for Lokalmat Vest og kokken Nils - Henning Nesje frå Mat med Hjerte - vil vi teste ut eit konsept der publikum kan få smake ein meny - med smakar frå heile verda - basert på lokale råvarer.  Produsentane bak kjem frå heile fylket til Klokkargarden denne kvelden for å bidra til gildet, og maten vert laga på staden- Maten vert presentert undervegs i programmet. Publikum kjøpet ein matbillett på førehand og vil få servert ulike rettar undervegs. 


Området opner kl. 21.00. Medverkande: Real Ones, lokale musikarar, Havbrusen, Dekor m.fl.