page view image

BLODKLUBB // Ferske Scener

Alternativ nasjonaldagsfeiring med Nord-norges beste klubbkonsept !

Information
event image

Blodklubb er eit unikt klubbkonsept frå Ferske scener i Tromsø. Tittelen spelar på det genetiske felleskapet, og på matretten blodklubb- eller Gumba- som er ein fast ingredients på klubbmøtane. Med det samiske som omdreiningspunkt, og med ein uforutsigbar blanding av humor og alvor, utforskar Blodklubb forholdet mellom genetikk og kultur, i eit format der publikum sjølv er deltakarar.  Kvart møte er ein unik framsyning med nye tema. 


I denne utgåva av Blodklubb, har gruppa latt seg inspirere av nasjonaldagsfeiringar der fortidas kamper vert hylla, og der makt og styrke vert vist fram. Her vert det  personlege fortelljingar, blodklubbdans, ritualisert kamp og konkurransar. Publikum får anledning til å sleppe ut aggresjon, adrenalin og ikkje minst latter innanfor ramma av scenekunsten si alternative virkelighet.


Dei fire grunnleggarne av Blodklubb har alle dype røtter i nord og representerer fire nordnorske arketypar:


  • Den samiske aktivisten: Sigbjørn Skåden
  • Fornorskningsofferet: Bernt Bjørn
  • Bæraren av norsk skyld: Kristin Bjørn
  • Den nøytrale, finske forskaren: Kristina Junttila


Det vert open bar under heile arrangementet. 

Restrictions

Ungdom under 18 er velkomne i følge med vaksne.