UPPHAV // Twazz (FO)

-Sterk og personleg dokumentarframsyning frå eit Færøysk kystsamfunn.

page view image
Event date

Sunday 13 Sep 2026 13:30

Ends Sunday 13 Sep 2026 15:00
order

Available items

ticket item
Fullpris vaksen
ticket item
Billett med festivalpass
ticket item
ungdom opp til 20 år
event image

Event information


Frå Færøyane kjem ein dokumentarisk og  personleg framsyning om generasjonstraumane ein ofte finn i små kystsamfunn. Uppav er historia om to båtulykker, som ramma det vesle øysamfunnet på Hestur i 1919. Elleve menn som fiska frå små, åpne robåter omkom. Tilbake satt enker og born, foreldre og bygdesamfunn, som måtte skape ein ny kvardag i ein tid, der naturen satte sine ultimate betingelser. 


Dette er ei personleg forteljing. Bestemora til skodespelar Gunnvá Zachariasen var 6 år da tragedien råka heimstaden hennar. Ho mista bode faren og ein onkel. Historia er sett fra hennar blikk; eit born omgitt av sørgande mødre og bestemødre, og ein landsby som har mista ein tredjedel av forsørgarane sine. Upphav har spelt bode på Færøyene og i Danmark, og har fått svært gode kritikkar. 


Framsyninga varer i ein time. Den vert spelt på Færøisk og har engelsk teksting. 


Manus: Gunnvá Zachariasen and Marita S. Dalsgaard. Regi:Marita S. Dalsgaard

Skodespelar: Gunnvá Zachariasen. Komposisjon /lyd:Anna Katrin Ø. Egilstrøð. Lysdesign: Silje Grimstad. Engelsk oversettelse: Marita S. Dalsgaard. UPPHAV er produsert av Tvazz i samarbeid med Leikhús Skift.

Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler