© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
På ein aude stad som ikkje finnast, møtest fem reisande. På staden er det eit hol, og holet må reparerast, før dei kan reise vidare. Men korleis reparere ein eit hol som kanskje er meir enn berre eit hol?
Medan dei fem reisande leitar etter ei løysing, dukkar spørsmåla op. Om kven dei er. Om kvarandre. Om fellesskap, ansvar og draumen om å høyre til. Holet er ei poetisk og humoristisk utforsking av det å vera menneske, av det vi ber med oss, og hola vi prøver å fylle.
The Hole er ein unik framsyning frå Færøyanes eige nasjonalteater. Den er regissert av Elmārs Seņkovs, ein av latvias mest kjende regissører Med to skodespelarar, to dansarar og ein musiker på scena - er The Hole ei absurd, poetisk, leiken og humoristisk framsyning som passar for bode vaksne og born.
varigheit: 1 time og 15 min.
Konspet og idé: Elmārs Seņkovs & Reinis Suhanovs. Regi: Elmārs Seņkovs, Scenografi og kostyme: Reinis Suhanovs. Skodelsplarar: Kristina Sundar Hansen, Kristina Sørensen Ougaard, Rannvá Guðrunardóttir Niclasen, Búi Rouch. Musikar: Heðin Ziska Davidsen / Dánjal á Neystabø. Lyddesign:Heðin Ziska Davidsen. Lysdesign: Pól Pállsson Holm. Produsert av Tjodpallur Forøya.