© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
HEIME@RIVEDAL vart ein braksuksess i fjor, og til glede for dei som ikkje fekk med seg denne magiske kvelden - er festival-i-festivalen no tilbake; i utvida versjon!
HEIME@RIVEDAL er ein heilaften i Ingold Arnarssons rike; i den gjestfrie bygda Rivedal ! Her kan du vandre fra hus til hus og oppleve musikk og performance - i private heimar, hagar, løer og fjøs - og ved fjorden! Kvar konsert eller performance varer omlag 20 minutt, og du veljer sjølv kva rute du vil gå og kva du vil oppleve; vi garanterer at dette uansett vert ei oppleving du seint vil gløyme!
Årets artistar er m.a.:
KNAUS - Bergensbasert elektronikaband som speler folkemusikkinspirert rave!
THEA HJELMELAND - pop-dronninga fra Sunnfjord er på veg med ny musikk! På HEIME@Rivedal opptrer ho saman med blåsarar frå Dale musikkorps og dansarar frå kulturskulen!
VILNES -gir deg indiepop, folk og country-soul fra den ville vestlandskysten!
TARRAK - Grønlands råaste rappar, i nedstrippa soloversjon!
ANNA KATRIN EGILSTRØĎ- Færøyisk elektronikaartist som skapar magiske stemninger
FORTELJEPUB - Per Arne Tveit med gjestar
DESIBEL- Verdas største mobile hornhøgtalar
KABARET MAKABER - Mørk, suggererende og ramsalt sogne-noir
VANDELSBANDEN - Norsk rap
AGGRASOPPAR - Færøyisk Axe-killer pop punk
WUNDERBAR - Teaterkompaniet The Amazing inviterer til låvebar med show
FERSKE SCENER - Med stueversjoenn av framsyninga Kapittel 21 tek tromsøkompaniet opp korleis Norges fiskeripolitikk i siste del av 1900-tallet pressa sjøsamiske fiskere ut av yrket.
UGDOMSSCENE - Scene for unge band og talenter ui bygdehuset
SPOR - korsang i fellesfjøset
Og enda meir! Programmet vert oppdatert fortløpande og detaljert forløp for kvelden vert lagt ut i august.
Praktisk info:Billetten til HEIME@RIVEDAL inkluderer buss til og frå Dale. Billettkjøparar får epost emd informasjon om tider for bussavgang. Billetten kan du bytte til eit eige festivalpass for arrangementet, dette gjør du på Rivedal grendehus ved arrangementstart. Vi samarbeider med Rivedal Grendalag, som held open kafe og bar under heile arrangementet. Arrangementet er ope for born og ungdom, men det vert skjenking i avgrensa områder og i desse områda må dei under 18 vere i følge med ein vaksen.