Hysj/ Frie Radikale

EVENT INFORMATION

-Verkstadsvisning med teaterhistorisk sus ! 


Ein kan ikkje snakke om politisk teater i Noreg utan å nemne Tramteatret.  Difor er det ekstra stas at dei fire tidligere Tramteatermedlemmene Kine Hellebust, Liv Aakvik, Terje Nordby og Anders Rogg kjem til Fjaler for å ha verkstad for å utvikle sitt nye prosjekt, med ei avsluttande arbeidsvisning ! Under navnet  «Frie Radikale» arbeidar  dei med å skape eit politisk teaterbidrag i 2019, 30 år etter at Tramteatret vart oppløst.

Dei Frie Radikale har spurt seg; Kva har skjedd med det sosialdemokratiske Noreg dei siste 40 åra? Korleis skjedde det? Og når ?  I forsøket på å finne svar, har man tydd til den tyske nasjonalforfatteren Goethe. Og Faust. For anledninga kalla Traust. No heng ikkje Goethe med så lenge, men forfattaren (Terje Nordby) frydar seg over å skrive blankvers! For øvrig har dei ikkje funne nokon svar på spørsmåla «kva, når og korleis» - derimot utrolig mange fleire spørsmål, stilt i ein atmosfære av musikk og humor - slik Tramteatret i si tid hadde for vane.  Verkstaden avsluttast med visning - og her snakker vi «work in (forhåpentligvis) progress»!  


Frie Radikale består av: Kine Hellebust, Liv Aakvik, Terje Nordby og Anders Rogg. Instruktør og veileder på verkstaden er Lennart Lindstrøm. Verkstaden er støtta av Dramatikkens Hus.

fjaler

Waiver

Vi refunderer diverre ikkje kjøpte billetar