page view image

DEAD AS A DODO // WAKKA WAKKA

Ikkje gå glipp av opningsframsyinga på festivalen: "Dead as a dodo" av det internasjonal anerkjente figurteaterkompaniet Wakka Wakka er ei fantastisk visuell og humoristisk framsyning !

Information
event image

Framsyinga “Dead a a dodo” er siste del av figurteaterkompaniet Wakka Wakka sin Animalia-trilogi. Vi har tidlegare vist dei to andre framsyningane; “Animal R.I.O.T.”, på saga i Bygstad i 2020, og “The Immortal Jellyfish girl” som vart spelt i Fjalerhallen i 2021 - begge  blant dei største publikumsfavorittene i festivalen si historie. Vi gler oss difor ekstra til å  presentere den nyaste framsyninga, som hadde premiere i Chicago i 2024, med eit stort ensemble. 

“Dead as a dodo” gir oss innblikk i ei aldri så lita eksistensiell krise, i ei framtid som går tilbake til ei fjern fortid. Her møter vi ein skjelett-dodo og ein skjelett-neandertalar som grev etter ferske bein. Dei eldgamle skjeletta deira blir raskt dårlege, og dei er redde for å forsvinne heilt. Ein dag vert den daglege rutina forstyrra av ei merkeleg hending. Utan forsvarsel og på mirakuløst vis gror Dodo eit heilt nytt bein ?! Ei virvel av forandringar fører til at beinriket raknar, og den etablerte ordenen knusar. Den store reverseringa har starta. 

Framsyninga spelast på norsk og passar for alle (born over 6 år). Da den hadde premiere i Chicago tidlegare år, var den spelt på engelsk og fekk glitrande kritikkar: 


“With great pops of humor, this backward dystopian tale unfolds, and hope blooms bizarrely in our hearts, all thanks to the charming layered world and trilogy Wakka Wakka has created. 

(Kimzyn Campbell,  Chicago reader) 


“Dead as a Dodo is a veritable, crowd-pleasing wonder. There was no other show I saw at this year’s festival that made me so frequently utter “wow” ! “ 

(Joshua Minsoo Kim , Tone glow)


DEAD AS A DODO av Gwendolyn Warnock & Kirjan Waage med ensemble. Medverkande: Lei-Lei Bavoil, Alexandra Bråss, Andy Manjuck, Hanna Margrete Muir, Sigurd Rosenberg, Marie Skogvang Stork, Anna Soland, Kirjan Waage. Regi: Gwendolyn Warnock and Kirjan Waage. Original musikk og lyddesign: Thor Gunnar Thorvaldsson. Projeksjonsdesign: Erato Tzavara. Lysdesign: Daphne Agosin. Figurdesign/dukkemaker: Kirjan Waage. Scenografi- og kostymedesign: Gwendolyn Warnock & Kirjan Waage. Produsent: Gabrielle Brechner. Originalt ensemble: Alexandra Bråss, Dorothy James, Andy Manjuck, Hanna Margrete Muir, Sigurd Rosenberg, Peter Russo, Marie Skogvang Stork, Anna Soland, Kirjan Waage. Rekvisitt- og supplerende dukkemaking Lei-Lei Bavoil, Alexandra Bråss, Frida Vige Helle, Dorothy James, Andy Manjuck, Hanna Magrete Muir, Jack Markussen, Sigurd Rosenberg, Peter Russo, Marie Skogvang-Stork, Anna Soland. Supplerende rekvisittmaking, maling og sying: Gro Sunde, Rosalie Arends

Framsyninga er produsert i samarbeid med Figurteatret i Nordland, Nord Universitet og The Chicago International Puppet Theater Festival. Støtta av: Kulturrådet, Oslo Teatersenter, Sea-Cargo AS, FFUK. Figurteatret i Nordland:https://figurteateret.no/

GEIR-OVE ANDERSEN, YNGVILD ASPELI, PREBEN FAYE-SCHJØLL, ANNE SJILD KOLSETH, JAN ERIK SKARBY, TIM LUCASSEN, ANNE SØRFJELL.

Special Thanks to the Nord University Theatre Class of 2023 (14th Floor) who workshopped the first version of this show with us.

WAKKA WAKKA PRODUCTIONS: www.wakkawakka.org