KARTÖFLUR // CGGC

Bli med på eit ellevilt potetmysterium på Island !

page view image
Event date

Saturday 13 Sep 2025 19:30

Ends Saturday 13 Sep 2025 20:30
order

Available items

ticket item
Fullpris, vaksen
ticket item
Billett med festivalpass
ticket item
Born og ungdom opp til 20 år.
event image

Event information

Kva hendte med Helga  Gísladóttir, den revolusjære potetbonden frå Hrunamannahreppur ? Og kvifor stoppa produksjonen av “Beikonbugður”, den fantastiske potetnacksen med baconsmak? Dette heilt spesielle stykket er skapt av det islandske teaterkompaniet CGFC i samarbeid med musikar Halldór Eldjárn. Med utgangspunkt i eit ynskje om å utforske poteta si betydning og kulturelle kontekst på island, legg gruppa ut på ei ellevill reise  - som tek dei med til bønder landet rundt. 


Stykket "Kartoflur" vart opprinneleg laga i samarbeid med Reykjavik City Theatre og  vart nominert til den nationale teaterprisen på Island “Gríman”  i 2020. Stykket vart og sendt på den nasjonale radiokanalen  RÚV. Teaterkompeniet CGFC har vore aktive i islandsk scenekunst i ti år, og jobbar med bode teater, videokunst, installasjonar, performancar og radio. Dei har fokus på å skape deviced og dokumentarisk teater. 


Framsyninga varar ein time, og passer for vaksne, ungdom og born over 7 år.


CGFC består av scenekunstnarane: Ýr Jóhannsdóttir, Hallveig Kristín Eiriksdóttir, Birnir Jón Sigurðsson and Arnar Gústafsson. Stykket var produsert av kompaniet i samarbeid med kompnist Halldór Eldjárn og koreograf Marta Ákadóttir. Premiere på Reykjavik City Theatre i 2020. 

Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler