Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Fredag kveld inviterer vi til ein heilt spesiell heilaften i Ingold Arnarssons rike; nemlig i den gjestfrie bygda Rivedal ! Her kan du vandre fra hus til hus og oppleve artistar frå heile Norden - i private heimar, løer og fjøs! Kvar konsert varer omlag 20 minutt, og du vel sjølv kva rute du vil gå og kva du vil oppleve; færøysk rap med Silvurdrongur ? Smektende countrypop med Embla & the Karidotters (duo) ? Dansefest med den iransksvenske elektropopdronninga Uroish? vi garanterer at dette uansett vert ei oppleving du seint vil gløyme ! Rivedal grendalag stiller med bar og matservering heile kvelden!
HEIME@Rivedal er inspirert av den færøyske HOYMA-festivalen, som i ti år gått av stabelen i den vesle bygda Syðrugøta. Bode nasjonale og internasjonale artistar speler på festivalen, som utelukkande vert arrangert i private stover.
PRAKTISK INFO: Billetten til "HEiME@Rivedal" inkluderer også buss til og frå Dale. Tider for bussavgang vert annonsert her på sida i august.
Billetten du kjøper på nett, bytter du til eit eige festivalpass for arrangementet, dette gjør du på Rivedal grendehus ved arrangementstart.
Arrangementet er ope for born og ungdom, men det vert skjenking i avgrensa områder og i desse områda må dei under 18 vere i følge med ein vaksen.