page view image

MELANCHOLIA // Ymist

Jon Fosse-roman på scena i kritikarrost framsyning.

Information
event image

Stavanger, tidleg på hausten 1902: Gamle Oline kjempar seg opp den bratte brekka ifrå kaien og opp til huset sitt – med fisk i den eine handa og stokk i den andre. Kroppen verker, tankane surrar, ho tenkjer mykje på broren Lars, og dessutan kjenner ho at ho må på do. Oline skal døy i dag.

Melancholia II er er unik framsying basert på Jon Fosse sin roman om landskapsmålaren Lars Hertevig, og søstra hans Oline. Ei framsyning der røyrsle og dans spelar like stor rolle som teksten.

Jon Fosses roman  handlar om det fundamentale i menneskelivet, om skam og verdigheit, om kjærleik og om død. Det er ei sår historie om det å høyre saman med nokon, om kroppsleg og mentalt forfall, og om det vakre i det fråstøytande. Han skriv ifrå innsida av tankestraumen til Oline, ifrå innsida av den skrøpelege kroppen, og ein kan kjenna korleis beina hennar verker, ein kan kjenne på skamma hennar over å ikkje ha kontroll over kroppsfunksjonane sine. Ein kjenner på vermen og lyset som finst i minna ho har om broren – landskapsmålaren Lars Hertervig (1830-1902), som ho aldri heilt forstod – eller kanskje ikkje heilt våga å forstå.

Romanen er eit trippelportrett; det er både eit portrett av Oline og eit portrett av Lars, og det er eit portrett av skrivaren sjølv, forfattaren bak romanen. Han gir seg til kjenne i måten å sjå på, gjennom teksten sin materialitet, gjennom rytmen og pusten i teksten. Skodespelaren vil gjennom eit gjennomkoreografert fysisk språk forsøka å gestalta denne språkrytmen. På denne måten ser skodespelaren på skrivaren, som ser på Oline, som igjen ser på broren Lars, kunstnaren.


"Kompaniet Ymist uppsättning av «Melancholia II» visar på en ny tillnärmning till hur Jon

Fosse kan spelas."

Svante Aulis Løwenborg, Norsk Shakespearetiddskrift



"Gjennom scenografi, lys, musikk, koreografi og tekst har teaterkompaniet

Ymist. i Melancholia II skapt et særegent univers der musikaliteten i Jon Fosses

språk er like sentralt som fortellingen."

Judith Dybedal, Scenekunst.no 



"Får du eit høve til å sjå Morten Espeland og «Melancholia II» så gjer

det, og viss du er skeptisk til Jon Fosse sin måte å skriva på, så gjer

det i alle fall. Kanskje du opplever det som meg, at dette ikkje berre

er skrift, det er musikk, det er dans, det er messe."

Atle Hansen, Storden 



"...en vakker skildring av en gammel kvinnekropp

med et levende sinn, der minner om fortiden kjemper med

fysiske kroppsfølelser som oppstår her og nå."

Grete melby, BT.



Ymist er Erlend Samnøen – koreograf og regissør, og Morten Espeland – skodespelar. Dei utforskar spenningsfeltet mellom samtidsdansen og skodespelaren si førestellingsevne i prosjekt der det tekstlege utgangspunktet ikkje er dramatiske tekstar. Med seg i Melancholia II har dei dramatikar og dramaturg Oda Radoor, Maja Nilsen som scenograf, Gaute Storsve som komponist, Ingeborg Staxrud Olerud som lysdesignar, og Ida Willassen som produsent. Forlag; Colombine Teaterforlag. Fotograf: Signe Fuglesteg Luksengard. Framsyinga er støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, Tou Scene, Fond for utøvende kunstnere, Bergesenstiftelsen, Fritt ord, Oslo kommune, Hordland fylkeskommune.