page view image

KAMPEN OM GRØNLAND // Festivalkino

Dokumentarfilm om Grønlands framtid.

Information
event image

"Kampen om Grønland" er ein dokumentarfilm laga i 2020. Etter nesten 300 år som dansk provins er det mange grønlendarar som meiner at tida er mogen for sjølvstende. Men korleis? Vi følgjer fire politisk engasjerte grønlendarar fram mot lokalvalet, alle med kvar si meining om korleis framtida bør formast.

Grønland er verdas største øy – ettertrakta av både Kina og USA på grunn av den geografiske plasseringa si. Men med berre litt over 50 000 innbyggjarar, ein økonomi som er heilt avhengig av tilskot frå Danmark, og sosiale problem som rusmisbruk, overgrep og skyhøg sjølvmordsstatistikk, finst det mange meiningar om vegen vidare. I denne gripande dokumentaren møter vi unge grønlendarar som alle meiner at ting må endrast, men som er svært usamde om korleis. Er sjølvstende svaret, eller bør ein samarbeide med Danmark på ein annan måte?

Paninnguaq engasjerer seg for det grønlanske språket og gamle inuittradisjonar, medan kjærasten Josef formidlar bodskapen gjennom musikk og teater. Politikarane Kaaleeraq og Tillie kjempar om ein plass på Landstinget, men på kvar si side i spørsmålet om sjølvstende. I Kampen om Grønland får vi eit unikt innblikk i ein kultur som er i ferd med å finne seg sjølv att, og der innbyggjarane kjempar for identiteten sin på ulike vis.

Filmen varer 96 minutt. Visninga er gratis med festivalpass, men hugs å ta ut billett. Vi serverer kaffi! 

Regi: Kenneth Sorrento