page view image

DET USYNLEGE LANDSKAPET- festivalsymposium om naturverdiar, samfunnsnytte og politisk handlingsrom

Information
event image

Dei siste tiåra har omgrep som berekraft og grøn omstilling prega debattar, der naturverdiar vert vekta mot ulike former for samfunnsnytte. Dei seinare åra har også ord som beredskap, tryggleik, og kritiske ressursar fått stadig større tyngde og plass. 

Vi ser på korleis slike omgrep veks fram og korleis dei påverkar den politiske samtalen. Korleis endrast handlingsrommet når strategiske omsyn dominerer, og kva gjer det med andre samfunnsomsyn og rettsvernet. 

Nokre av dei store naturkonfliktene i Noreg og i Vest-Norden i dag står midt i desse problemstillingane; Fjorddeponiet i Førdefjorden, Sprengstofffabrikken på Hurum, Fen-feltet og i samband med dei mange datasentra og vindkraft.  Til andre del av samtalen har vi også invitert aktørar som representere lokale saker som er berørte av desse problemstillingane. 


Panelsamtale, del 1: 

  • Liv Signe Navarsete, avtroppande statforvaltar i Vestland

  • Marius Gulbrandsen, jurist og forfatter av boka “Det store klimasøksmålet” 

  • Tale Næss, regissør og dramatikar, aktuell med forestillinga “Stilla”

  • Eirik Myrhaug. forfattar, samisk Noaidi, pioner innen økologisk økonomi og talsmann for samenes sultestrek, Altaaksjonen 1981 


Panelsamtale, del 2: 

  • Anne-Line Thingnes Førsund, Leve Førdefjorden-gruppa og Naturvernforbundet

  • Ingunn Kjelstad, leiar av Motvind i Sunnfjord og Ytre Sogn

  • Helge Kårstad, Selsvatnet ved Storehesten.


Innleiing ved festivalsjef Torkil Sandsund, som og leiar samtalen.