page view image

DEN DAGEN NILS VIK DØDE // Teater Vestland

-Monologframsyning om livslang kjærleik og det vestlandske fjordlandskapet, basert på Frode Grytten sin kritikarroste roman.

Information
event image

Ein småsur novembermorgon dreg skysskaren Nils Vik på ei siste reis ut fjorden. Motoren går som alltid, litt stotrande og sta, akkurat som han sjølv. Hjartet slår i takt med båten han har levd med heile livet. Dette er ikkje berre ein tur. Det er finalen.

Frå loggbøkene strøymer folk fram som gamle spøkelse med gode historier: passasjerar i storm og stille, kåte ungdommar, tause gamle karar og alle dei rare, fine og litt skakke eksistensane han har frakta over fjorden gjennom eit heilt liv.

Luna, hunden med doble sjøbein, kjem logrande. Og der, i horisonten, ventar ho. Kona. Kanskje den viktigaste passasjeren av alle.

Dette er ei forteljing full av liv, latter, lengsel – og litt diesel.

Av Frode Grytten, Dramatisering: Aslak Moe, Skodespelar: Kyrre Eikås Ottersen, Regi, scenografi og kostymedesign: Birgitte Strid, Lysdesign: Gard Gitlestad, Lyddesign: Kato Ådland. Produsert av Teater Vestland.